Hopp til innhold

Språkrådet vil endre namnet til bygda – men innbyggjarane nektar

Kommunen og bygdefolket er imot. Likevel vil Språkrådet endre i namna på Østerbø og Norevik i Sogn.

Østerbø i Ikjefjord

VIL ENDRE NAMNET: Austrebø bør denne bygda heite, meiner Språkrådet. Det er ikkje alle i bygda Østerbø i Ikjefjord samde i.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det er eit namn vi ikkje har høyrt før og aldri har brukt, seier Geir Helge Østerbø.

Han er varaordførar i Høyanger (Sp), og både bur i og deler namn med grenda Østerbø i ved Søreide i Høyanger kommune. I tillegg finst det nokre gardar som heiter Østerbø, i Ikjefjord litt lenger vest på Høyanger sørside.

Begge Østerbø kan bli til Austrebø om Språkrådet får viljen sin. Det same gjeld Norevik, som Språkrådet ynskjer at skal heite Nordvikane.

Tilrådingane om skrivemåte kjem trass i at både kommunestyre, namnenemnda i kommunen og bygdefolket ønskjer namna Østerbø og Norevik, fortel avisa Ytre Sogn.

– Uforståeleg og meiningslaust

Varaordføraren meiner det er «uforståeleg» at ein skal måtte bruke tid og krefter på å kjempe for at Østerbø framleis skal få heite Østerbø.

Det verkar meiningslaust, seier han, og meiner Språkrådet må tilpasse seg den daglege bruken av namnet.

I september melde NRK at Kartverket og innbyggjarane i Saltdal kommune i Nordland er ueinige om korleis fjellet «Tjernfjell» skal stavast.

Bygdesamfunnet står på sitt, medan Kartverket meiner ordet «tjern» ikkje finst på nordlandsk.

– Litt for konservativt

– Det er flinke folk i Språkrådet, men dei har ofte litt for konservativt syn når det kjem til tilrådingane, seier prosjektleiar Aril Gjelsvik i Høyanger kommune.

Saman med ordførar, varaordførar og rådmann skal han møte Stadnamntenesta for Vestlandet og legge fram ønsket om å få halde på namna. Det er Statens kartverk som gjer endeleg vedtak.

– Ein må bruke skjønn, elles blir det oppfatta som eit kronglete språkråd som ikkje lyttar til folket.

Namnestriden er viktig å løyse også fordi kommunen må få på plass vegadresser.

Tar omsyn til dei eldste namna

Tilrådingane frå Språkrådet er meir i tråd med rettskriving og tar omsyn til dei eldste variantane av namna, fortel seksjonssjef i Språkrådet, Daniel Ims.

Daniel Gusfre Ims

RETTSKRIVING: Tilrådingane frå Språkrådet tar omsyn til rettskriving og dei eldste variantane av namna, fortel seksjonssjef Daniel Ims i Språkrådet.

Foto: Moment Studio

– Lovverket seier at ein skal byggje på den nedarva uttalen og ein skrivemåte som er i samsvar med rettsskrivinga, seier han, og viser til at det til dømes gjeld i skrivemåten «Nord-».

– Prosjektleiaren i Høyanger meiner Språkrådet er i overkant konservative?

– Han har for så vidt rett i at råda våre er konservative, i og med at lovverket seier at det er den nedarva lokale uttalen ein skal ta utgangspunkt i. Lovverket gir ein prioritet til det som er eldst.

Ims seier ein kan klage på vedtak og at saker kan takast opp att om det finst nye opplysningar.

– Stadnamntenesta er avhengig av god kontakt med kommunen om kva som er lokal uttale og kva uttale som framleis finst. Språkrådet set pris på at det blir eit møte med kommunen.

Kjempar for namnet

Geir Helge Østerbø vil uansett kjempe for Østerbø-namnet.

– Ein kan ikkje døype oss om til eit namn vi ikkje ønskjer fordi det kan vere i strid med skrivemåtar. Vi skal heite Østerbø i framtida, det er målet.