Hopp til innhold

Jølstring med ny juniorrekord

Kristina Støfring sette ny norsk juniorrekord i vektløfting under eit stemne i Naustdal i helga. Jølstringen, som konkurrerer i 81-kilosklassa, rykka 62 kilo som er forbetring av den norske rekorden med ein kilo. I støt vart det 74 kilo, noko som gir 136 kilo totalt og ny norsk samanlagtrekord med fire kilo.