Hopp til innhold

Tre poeng til Sogndal

Sogndal kan ta med seg tre etterlengta poeng heim i bagasjen etter kampen mot Sandnes Ulf i kveld. Dette var deira første siger på dei seks siste kampane. Sogndal stod med to uavgjort og tre tap på dei fem siste kampane før kveldens oppgjer. Igoh Ogbu stanga inn målet for Sogndal etter ein corner. Etter sigeren i Sandnes klatra Sogndal to plassar opp på tabellen. No ligg laget frå saftbygda på ein 6.-plass og er tilbake på den etterlengta kvalikplassen.