Hopp til innhold

Forlengar fellingsløyve på ulv

Fylkesmannen i Vestland har forlenga skadefellingsløyvet på ein ulv i Hyllestad, Fjaler og Høyanger kommunar til og med 15. oktober. Ein ung hannulv frå Sør-Sverige har herja i området sidan i fjor sommar. – Jamt med skadar gjennom september var avgjerande, seier seniorrådgjevar Hermund Mjelstad hos Fylkesmannen.