Hopp til innhold

«Super-Rex» til Eikefjord

André Frøyen Reksten klarte ikkje vere fotballpensjonist veldig lenge. 30-åringen gav seg tidlegare i haust etter over 20 år i Florø-trøya. No skal han igjen spele saman med sin tidlegare lagkamerat, Erlend Hove, i 6. divisjonsklubben Eikefjord. Hove gav seg som spelar på toppnivå etter ein sesong i 1. divisjon.

Andre Frøyen Reksten og Daniel Chima Chukwu
Foto: TRULS KLEIVEN