Hopp til innhold

Har enno ikkje trekt seg

Johannes Einemo har ikkje tatt endeleg stilling til om han trekker seg som ordførarkandidat for Lærdal Høgre, seier advokaten til Einemo, Louis Anda. Einemo er under etterforsking for vald og trugsmål. Anda seier det i morgon skal vere eit møte med partiet for å avklare vegen vidare.