Hopp til innhold

Forsinka ferjekort

Frå måndag denne veka vart dei gamle ferjekorta erstatta med AutoPASS-ferjekort. Men er du blant dei som har bestilt denne veka kan det går litt ekstra tid før du får kortet ditt. Årsaka er ein svikt hos leverandøren som gjer at fleire vil få korta sine litt seinare enn det som har vore planlagt. – Dei som er råka vil få informasjon om det, seier Dag Hole i Statens vegvesen, som er prosjektleiar for AutoPASS-ferjekort.

AutoPASS ferjekort
Foto: Thomas Brakstad / NRK