Hopp til innhold

Førde-spelar vert proff

Volleyballspelaren Renate Bjerland har skrive proffkontrakt med den tyske toppklubben VC Wiesbaden, skriv Norges Volleyballforbund på Facebooksida si. Bjerland kjem frå Kristiansand og spelte sist sesong for Førde, som ho og vart cupmeister saman med. – Det har alltid vore eit av dei store måla mine med volleyballen å få kunne prøve meg som proff i Europa. Eg veit at nivået i Tyskland er veldig bra. Då eg fekk høve til å spele for VC Wiesbaden så var det eit tilbod eg ikkje kunne seie nei til, fortel Bjerland på volleyballforbundet si Facebookside.

Renate Bjerland ved nettet for Førde
Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK