Hopp til innhold

Jublar ikkje for regnbogeflagga

Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk er ikkje ein av dei som jublar for regnbogeflagga som blir heist i fleire kommunar i Sogn og Fjordane og andre stader i landet under Pride. På leiarplass skriv Dagen at «samfunnet ukritisk hyllar ein revolusjon, som på sikt kan få dramatiske og uheldige følgjer for både enkeltmenneske og fellesskap». Selbekk seier til NRK at Pride handlar om meir enn å feire kjærleiken og markere motstand mot forfølging og trakassering. – Ein får høyre at ein kan velje, då blir det blir mykje større kjønnsusikkerheit. Det trur eg er skadeleg, og det er også ein del av Pride-pakka. Det er noko ein må hugse når ein heisar flagga utanfor kommunehusa i Sogn og Fjordane, ei avgjerd som òg er i openberr strid med flagglova, seier Selbekk.

Vebjørn Selbekk
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NPK