Hopp til innhold

Sunnfjord ligg an til å få mest

Fylkestinget bestemde i dag korleis dei vil dele ut 80 prosent av fylket sine aksjar i Sogn og Fjordane Energi til kommunane. Nye Sunnfjord kommune ligg an til å få flest aksjar, over 18 prosent, framfor alt fordi det blir den mest folkerike kommunen frå 2020. Endeleg vedtak om faktisk overføring av aksjane blir ikkje teke før rettsprosessen mot kraftselskapet BKK er avgjort. BKK meiner ei slik overføring vil utløyse forkjøpsrett for dei. Fylkeskommunen har vunne i to rettsinstansar allereie, og Høgsterett vurderer no anken til BKK. Framstegspartiet støtta ikkje forslaget, og dei kom med eit eige framlegg om at fylkeskommunen beheld sine aksjar som i dag og tek med seg verdiane inn i Vestland etter 2020. Berre Frp sine to representantar røysta for dette.