Siste frist
Dei som vil drepe ulven i Sunnfjord og Ytre Sogn, må skunde seg. Fylkesmannen sitt skadefellingsløyve går nemleg ut i dag. Fylkesmannen gav fellingsløyve for kommunane Hyllestad, Fjaler og Høyanger i midten av mai, etter at ein sau blei teken av ulv der.