Hopp til innhold

Ni personar tekne i narkoaksjon

Ni personar i 20-30-åra er siste vekene tekne i ein narkoaksjon i Sogn. På ei bustadadresse fann politiet eit mindre pengebeløp som dei knyter til omsetnad av narkotika. I tillegg fann dei 25 gram hasj. Ein person er også teken for å ha køyrt bil i ruspåverka stand. – Alle er kjenningar av politiet frå tidlegare, og har lagt korta på bordet, seier tenestestadleiar Magne Knudsen.
– Beslaget gjorde at vi aksjonerte mot fleire adresser i Sogn, opplyser han. Knudsen seier det no er opp til juristen å vurdere reaksjon, men alle får tilbod om ruskontraktar og tett oppfølging for å få hjelp til å ikkje lenger ruse seg på ulovlege rusmiddel.

Magne Knudsen
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK