Hopp til innhold

Klarte VM-kravet i vektløfting

Tambarløftarane Marit Årdalsbakke og Ine Andersson er klare for VM i vektløfting. Årdalsbakke klarte b-kravet under «Ramadan weightlifting championship» i Dubai i går. – Etter berre 88 kilo i rykk, måtte eg ha mitt livs støtkonkurranse for å klare kravet. Eg klarte å ta dei 109 kiloane eg trengde for å kvalifsiere meg, seier Årdalsbakke. Støtet er personleg rekord med tre kilo. Andersson klarte det same kravet under eit stemne i Bergen i helga, med 83 kilo i rykk og 104 kilo i støt. VM skal vere i Thailand i september.

Marit Årdalsbakke (i midten) klarte VM-kravet
Foto: Privat