Hopp til innhold

Sunnfjordprega landslagssamling

Fem Førde-spelarar er med når Norges volleyballforbund startar arbeidet med å byggje nytt herrelandslag fram mot EM-kvalifiseringa over nyttår. Dei fem er Håvard Årrestad, Martin Olimstad, Oskar Raftevold, Sverre Grønnevik Flåskjer og Øystein Løken Bergum. I tillegg er førdianarane Bjarne Nikolai Huus og Lars Fredrik Tvinde, som begge spelar på Koll, tekne ut til den første landslagssamlinga i Oslo i månadsskiftet mai-juni.