Hopp til innhold

Stoppa bil etter vinglete køyring

Klokka 16.45 sundag fekk politiet inn melding om ein bilist som køyrde vinglete og med ujamn hastigheit. Det var ein annan bilist som melde ifrå. Bilane var på veg mot Stryn på riksveg 15. Politipatruljen i Stryn vart sendt ut og fekk stoppa bilen. – Det viste seg å vere to turistar på ferie som var litt for opptekne av naturen, fortel Ole Ronny Olsen ved politiets operasjonssentral i Bergen. Turistane fekk køyre vidare med ei oppmoding om å sjå meir på vegen.