Hopp til innhold

Forklarar låg vaksinedekning

Fjaler kommune hadde dårlegast vaksinedekning mot meslingar i 2018 med ein vaksinasjonsgrad på 65,9 prosent, ifølgje VG. Nettavisa har samla dei heilt ferske tala frå Folkehelseinstituttet der alle kommunane i landet sjølv har rapportert inn kor mange born i aldersgruppene to, ni og 16 år som er vaksinert og for kva sjukdommar. For Fjaler er det berre tal for 16-åringane som blir presentert i avisa. Ordførar Gunhild Berge Stang (V) seier årsaka til den låge prosenten i Fjaler er UWC-skulen med 200 elevar frå heile verda. – Desse elevane er gjerne 16 år når dei kjem til Fjaler, og dei har gjerne følgt vaksinasjonsprogrammet i heimlandet sitt. Men dette blir ikkje registrert i det norske vaksinasjonsprogrammet, samstundes som elevane blir folkeregistrerte i Fjaler kommune. Dermed gir det stort utslag på statistikken når vi er ein kommune på 2700 innbyggjarar, seier ho. Når det gjeld meslingar, må 92-95% av oss vere vaksinerte for at det skal flokkimmunitet. Stang er ikkje uroa for at for få er vaksinerte i kommunen hennar. – Nei, mitt inntrykk er at dei som får ungar i Fjaler, vel å vaksinere dei. Det er ikkje nokon grunn til å tru at dei som veks opp her, blir mindre vaksinerte enn andre.

Vaksine