Hopp til innhold

Ikkje fråvær for køyreopplæring

Kunnskapsdepartementet vil gje elevar som skal ta førarkort gyldig fråvær frå hausten, det skriv Dagbladet i dag. Mykje av den obligatoriske køyreopplæringa, som til dømes langkøyring og glattkøyring, må gjerast på dagtid. – For unge i distrikta er det lange avstandar som krev førarkort. Når ein skal ta høgare utdanning betyr oppført fråvær noko, då synst eg det er bra at det no blir gyldig, seier stortingsrepresentatnt for KrF, Tore Storehaug.