Hopp til innhold

Bustad i brann i Balestrand

Naudetatane rykte ut etter melding om røyk frå ein bustad i Sværefjordne i Balestrand. Då dei kom til staden var huset overtent. Ingen personar var i huset då brannen starta, opplyser alarmsentralen i Florø. – Brannen er betydeleg, men det er ikkje fare for at den spreiar seg, seier Dag Inge Gjesdal i alarmsentralen.