Hopp til innhold

Avsluttar utsleppssak

Miljødirektoratet avsluttar saka etter røykutsleppa ved Hydro i Årdal i sommar, skriv Porten.no. Røykutsleppa varte kring 15 timar, men direktoratet konkluderer med at dei ikkje var helseskadelege. – Saka kjem ikkje til å bli følgt opp vidare av Miljødirektoratet, men vi kjem til å følgja ho opp internt, fortalde HMS-sjef Hanne Hoel Pedersen under eit folkemøte, melder nettavisa.

Ureinsa utsleppa på Årdalstangen
Foto: NRK-tipsar