Hopp til innhold

Håper på meir nynorsk

– Med KrF i regjering ser vi fram til ein enda meir nynorskvennleg politikk, seier leiar Magne Aasbrenn i Noregs Mållag. Utdanningsdirektoratet har greidd ut språkdelt ungdomsskule etter oppdrag frå eit samrøystes storting i 2016. Aasbrenn håper KrF sikrar nynorskelevane rett til opplæring på nynorsk ut heile grunnskulen, dersom dei kjem i regjering.