Hopp til innhold

Førde KrF vil velje venstresida

På eit ekstraordinært årsmøte måndag kveld røysta lokallaget i Førde over vegvalet til KrF. Av 18 frammøtte ville 14 gå i regjering med Ap og Senterpartiet, slik partileiaren har teke til orde for. Dei siste 4 ville i regjering med høgrepartia. Difor valte dei fire delegatar som støtta venstresida, og ein delegat som støtta høgresida til fylkesårsmøtet i partiet. Der skal det vidare veljast kven som skal vere på landsmøtet der heile saka skal bli avgjort.