Hopp til innhold

Framleis stengt

Fylkesveg 609 mellom Førde og Askvoll vert heller ikkje opna i dag. Det skriv Firda. Vegen har vore stengt sidan onsdag førre veke, då det gjekk fleire ras på vegen i samband med uvêret som herja Vestlandet. Omkøyring til og frå Askvoll skjer via Bygstad i Gaular.