Hopp til innhold

Vil selje Singerheimen

Stiftinga som eig Singerheimen i Olden har bestemt seg for å selje eigedomen, skriv Bergens Tidende. Huset vart bygt av den amerikanske mangemillionæren William H. Singer i 1921. I dag er Singerheimen driven av ei stifting styrt av Sogn og Fjordane fylkeskommune. Dei siste åra har Singerheimen gått med underskot og den står framfor omfattande restaureringsarbeid.

Singerheimen (Dalheim) i Olden
Foto: Bjarne Eldevik