Sognefjellet stengd fleire dagar
fylkesveg 55 over Sognefjellet vil vere stengd i fleire dagar framover, det melder Vegvesenet. Vegen vart stengd fredag, etter at store steinar knuste vegbana og øydela autovernet. No seier Vegvesenet at det endå ikkje er trygt å gjere arbeidet som er naudsynt for å få opna vegen.