Hopp til innhold

Tap for Florø

Florø må reise utan poeng etter å ha tapt mot jerv på bortebane. Kampen enda 1–0. – I dag er det tungt. Vi føler vi burde fått meir ut av kampen. Vi går til pause med 0-0, men så kjem vi bakpå og det blir 0–1 når vi gjer ei stor tabbe. I tillegg klarer vi ikkje skåre på dei sjansane vi har, og då taper vi fotballkampar, seier ein skuffa trenar Terje Rognsø. Florø ligg nest sist på tabellen med 18 poeng. Det er no fire poeng opp til Strømmen som ligg på kvalifiseringsplassen.