Hopp til innhold

Vegvesenet tar grep

Vegvesenet gjer utreinsking av Fjærlandstunnelen tidlegare enn planlagt etter hyppige stengingar, skriv porten.no. I sommar har lause flak og stein i vegbana ført til hyppige tunnelstengingar. No tar Vegvesenet grep. Ei rutinemessig utreinsking som eigentleg skulle skje neste år blir no flytta fram til i haust. Vegvesenet har ikkje fastsett eit oppstartstid endå, men seier dei jobbar med å få starta i løpet av september-oktober. Arbeidet vil skje på kveld- og nattetid.