Hopp til innhold

– Det var ein fryd å jobbe for deg

Rådgjevar for Per Sandberg, Britt Dalsbotten frå Bremanger, tykkjer det er trist at statsråden i går valde å trekkje seg som fiskeriminister. Det skriv ho sjølv på Facebook. Dalsbotten har tidlegare vore stortingskandidat for Framstegspartiet i fylket, og jobbar no som politisk rådgjevar for fiskeriministeren. – Det var ein fryd å jobbe for deg, du imponerte meg dagleg med din allsidige kunnskap, enorme arbeidskapasitet, og gode humør skriv ho i ei statusoppdatering. Dalsbotten har ikkje svart når NRK har forsøkt å få kontakt.

Britt Dalsbotten
Foto: Oddmund Haugen / NRK