Hopp til innhold

65 studentar utan bustad

Tal frå Norsk studentorganisasjon (NSO) viser at 65 studentar ved Høgskulen på Vestlandet sine studiestader i Sogn og Fjordane manglar bustad. Flest er det i Sogndal der 53 studentar mangla tak over hovudet då NSO talte opp i førre veke. I Førde var det førebels 12 studentar som ikkje har funne seg ein plass å bu. På landsbasis manglar 10.612 studentar bustad. – Behovet for fleire studentbustader er framleis veldig stort, seier Håkon Mikalsen som er leiar av NSO. Studiestart er på onsdag.