Ikkje nye ulveobservasjonar
Det er ikkje gjort nye funn av sauekadaver som kan vere tatt av ulv den siste veka. I førre veke oppdaga ein bonde i Naustdal at ulv hadde tatt fleire sau og lam. – Når ein ikkje får inn nye meldingar om skadar, så kan det tyde at ulven har vandra vidare, seier Arve Aarhus, som er leiar for fylkesfellingslaget.