Hopp til innhold

Dyr fest for sunnfjording

Ein sunnfjording i 20-åra må betale 16.000 kroner i bot etter fuktige kveldar på byen i år. I mars vart mannen lagt i jern etter aggressiv framferd, medan han månaden etter både spytta og skreik då han vart sett i arresten. Mannen gav heller ikkje opp namnet sitt. Sunnfjordingen har godteke bota.