Hopp til innhold

Vil prøve leksefri skule

Ingunn Kandal og Raudt Høyanger vil at det blir sett i gong eit prøveprosjekt om leksefri skule ved ein eller fleire skular i kommunen, skriv avisa Ytre Sogn. Ordførar Petter Sortland seier han er positiv til eit slikt prøveprosjekt. Han vil be rådmannen om å starte utgreiingsarbeid til saka.