Følling vil bli ordførar
Jenny Følling vert Senterpartiet sin ordførarkandidat i nye Sunnfjord kommune ved valet til neste år, skriv Firda. Det er nominasjonsnemnda som føreslår den noverande fylkesordføraren på topp på lista. På andreplassen har dei sett Jølster-ordførar Oddmund Klakegg.