Hopp til innhold

Uroa for FM-sløkking

Vil styresmaktene greie å varsle alle oss innbyggjarane om kriser, no når FM-nettet er sløkt? Det spør Liv Signe Navarsete frå Senterpartiet om i Stortinget. Aftenposten skreiv denne veka at Nato i ein krisesituasjon kan ta over DAB-nettet. Navarsete ber forsvarsminister Frank Bakke-Jensen svare for korleis styresmaktene då skal nå ut med informasjon til folket. Bakke-Jensen har ei vekes frist på å svare.

Liv Signe Navarsete i debatt
Foto: NRK