Hopp til innhold

Ber om tilbod på hall

Ein av dei to hallane som politikarane i Jølster vil byggje, er no lagt ut på databasen for offentlege innkjøp, Doffin. Med ein prislapp på kring 100 millionar kroner er hallane omstridde. Kommunen må spare 70 millionar kroner dei neste åra og rådmannen ber politikarane kutte utbyggingane. Samstundes ber no kommunen tilbod på totalentreprise for bygging av hallen på Skei, med oppstart så snart som råd og ferdigstilling 31. desember 2019.