Hopp til innhold

Vil bli kulturfyrtårn på Vestlandet

Sogn og Fjordane har vore leiande på kulturområdet i mange tiår, og kan bli eit kulturfyrtårn i vest, sa fylkesordførar Jenny Følling (Sp) i talen sin i fylkestinget. – Å bygge på vår felles vestlandskultur vil vere viktig for å sveise saman folk i det nye fylket, både politisk og administrativt. Eit prosjekt som er viktig å hjelpe fram er «Nynorsk medie- og kulturhus» i Førde. Der kan vi ta ein aktiv posisjon, satse på våre fortrinn, vår kultur, vårt målføre og vidareutvikle språket vårt. Dette vil vere ei viktig og framtidsretta satsing for å sikre NRK si framtid i fylket, og nynorsken sin posisjon i landet vårt, sa Følling vidare.