Hopp til innhold

Ordførar uroa for tryggleiken

Askvollordførar Ole Andre Klausen likar dårleg at førebelse tal for 2018 viser at ambulansen har auka utrykkingstida med 40 prosent. Det skriv Firda. I fjor vart både ambulansen og personale i Askvoll flytta til Dale. Han vil no at ein ambulanse blir stasjonert i Askvoll. I Helse Førde seier ambulansesjef Stian Sægrov at dei venta ein liten auke i utrykkingstida, men at dei meiner den er forsvarleg.

Ole Andre Klausen, ordførar i Askvoll
Foto: Oddleif Løset / NRK