Hopp til innhold

Ny jerv felt i Luster

Ein vaksen hannjerv på 14,5 kg vart skoten i Maradalen i Luster i går. Jerven vart felt i skadefelling. 11.april vart det skoten ein jerv i Storutladalen i same kommune. Då meinte Statens Naturoppsyn at det kunne vere to jerv til i området. Stortinget har bestemt at det ikkje skal vere ynglande jerv i Sogn og Fjordane.