Hopp til innhold

Vil sikre godt språk på høgskulen

Høgskulen på Vestlandet (HVL) skal få ein tydeleg, nynorsk språkprofil, dersom styret godkjenner det. Ei gruppe har utvikla nye språkpolitiske retningslinjer som skal sikrel HVL ta ansvar for meir, betre og klarare norsk fagspråk, melder avisa På Høyden. – Om styret vedtek desse retningslinjene vil Høgskulen på Vestlandet vere den fremste i landet på dette området, lovar seniorrådgivar Georg Arnestad, som har leia arbeidet med språkpolitikken til HVL.

Georg Arnestad
Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK