Hopp til innhold

Lastebil køyrde på midtrabatt

Ein lastebil har køyrd inn i ein midtrabatt på riksveg 5 i Førde, melder politiet. Det skal vera skader på lastebilen og på eit skilt. Politiet har stansa lastebilen og det vert oppretta sak etter ulukka. Ein mann i 40-åra kom uskadd frå hendinga.