Døydde av drukning
Politiet har fått den førebelse obduksjonsrapporten på mannen som i førre veke vart funnen død ved Furuholmen i Florø. – Dødsårsaka er drukning. Det er ikkje teikn til at noko anna har spelt inn, seier etterforskingsleiar Kjell Magne Barsnes til Firdaposten.