Hopp til innhold

Dale får fotballhall

Dale Idrettslag planlegg å byggje ein idrettshall til 27 millionar kroner, skriv Firda. Planen er å byggje ein såkalla kaldhall bak Fjalerhallen. Den nye idrettshallen skal romme ei sjuarbane for fotball. Leiar i Dale Idrettslag, Linda Hovland, seier at kapasiteten i Fjalerhallen er sprengt at det er behov for fleire fotballbaner.