Hopp til innhold

Ferska med promille i Nordfjord

Ein mann i 40-åra er i Sogn og Fjordane tingrett dømd til fengsel i 14 dagar og 37.000 kroner i bot. Mannen, som er busett i Nordfjord, vart midt på lyse dagen i fjor stogga med ein promille på 1,35. Han må også klare seg to år utan førarkort.