Opnar hotell i Liverpool
Etter lang tid med planlegging, kan endeleg Tage Herstad frå Florø opne hotellet sitt i Liverpool, skriv Firda. Den ihuga Liverpool-supporteren arrangerer fotballturar, og hotellet hans skal huse tilreisande fotballturistar. – Det har vore mykje arbeid med oppturar og nedturar, seier han.