Hopp til innhold

«Tung tids tale» blir teater

Den kritikarroste romanen «Tung tids tale» som Olaug Nilssen frå Førde har skrive, blir no teater. Det er Riksteateret som skal setje opp stykket i samarbeid med Det Norske Teatret og Kilden Teater. «Tung tids tale» byggjer på Nilssen si eiga historie om korleis det er å ha ein gut med autisme. Riksteateret skal på turne med stykket frå hausten.

Olaug Nilssen
Foto: NRK Hordaland