Hopp til innhold

Ønskjer sjøredningskorps i Sogn

Redningsselskapet ønsker no å opprette eit frivillig sjøredningskorps i Sogn. Det seier Endre Ytreland som er regionleiar i Redningsselskapet Vest. Fram til no har ein berre hatt sjøredningskorps på kysten, men no vil dei også etablere eit korps inne i Sognefjorden. Ytreland seier dei no jobbar med å få på plass mannskap.