Hopp til innhold

Vil frede hummar i Sogn

Hummaren kan verte totalfreda fleire stader i Sogn, skriv Sogn Avis. Foreininga Sognefjorden Vel har utarbeidd eit forslag til bevaringssoner i fjorden. Bakgrunnen er nedgang i bestanden og at Fiskeridirektoratet oppmodar kommunane om å etablere fredingssoner. Mellom anna føreslår foreininga totalfreding i Sogndalsfjorden, Lustrafjorden og Aurlandsfjorden.