Kritiserer politiet for tidsbruk
Mannen i 30-åra som i Sunnmøre tingrett erkjende å ha lurt ti jenter, blant dei to frå Sogn og Fjordane, til å kle av seg framfor webkamera, kritiserer politiet for lang etterforskingstid. Politiet har brukt fire år på etterforskingsarbeidet. Politiadvokat Cathrin Remøy seier at dei har brukt mykje tid på å gjenopprette sletta datafiler.