Hopp til innhold

Må gjere greie for distriktssending

NRKs endringar av distriktssendingane har skapt storm den siste tida. No ber kulturminister Trine Skei Grande (V) NRK gjere greie for distriktstilbodet. Masud Gharahkhani (Ap) har levert inn ei rad spørsmål til Grande knytt til NRK sine nye distriktsprioriteringar, ifølgje Medier24. No har stortingspolitikaren fått svar av Grande, som har bedt NRK gjere greie for arbeidet med distriktstilbodet. (NTB)