Hopp til innhold

Forsvann etter kollisjon i Førde

Politiet fekk søndag kveld melding om ein kollisjon i Førde sentrum der tre bilar skulle vere involvert. Politiet rykka ut, men då dei kom fram var bilane borte. Det er ikkje meldt om personskade, og politiet vil ikkje opprette sak, opplyser operasjonssentralen.