Handball-siger til Førde
Handballdamene til Førde vann 29–28 borte mot Aker i søndagens 1. divisjonsoppgjer. Ved pause stod det 15–15. Diana Kristin Sigmarsdottir scora sigersmålet for Førde i siste minuttet av kampen. Toppscorar for Førde vart Jeanette Øksenberg med åtte mål. Dermed har Førde ni poeng. Laget ligg no på fjerde sisteplass på tabellen, rett over nedrykksstreken.